Investor og millionær gir pengestøtte til Sp: Vurderer å stemme på Vedum

Mangeårig Høgre-veljar Jan Petter Sissener meiner Trygve Slagsvold Vedum (Sp) er ein vel så god statsministerkandidat som Erna Solberg (H).

– Eg har aldri vore sånn i tvil over kva eg skal stemme i innspurten av ein valkamp, innrømmer den mangeårige Høgre-veljaren Jan Petter Sissener overfor Nationen.

I årets valkamp har investoren støtta Oslo Senterparti med 100.000 kroner, via føretaket Cousi Invest, ei pengestøtte som Sp-politikaren Jan Bøhler har utløyst, med sitt initiativ «Trygg by med Jan».

– Oslo har sklidd ut i alle retningar, dessverre. Derfor må vi ha Jan Bøhler inn på tinget, seier Sissener.

Investoren avviser ikkje at han kan komme til å stemme på Vedum.

– Det å setje norske interesser først, det trur eg er naudsynt. Eg liker satsinga Sp har på distrikta. Eg trur framtida ligg der, og ikkje i byane, seier han.

Sissener uttalte til Nettavisen i juni at eit regjeringsskifte er den største trusselen mot aksjemarknaden i Noreg.

No seier han at han er open for å stemme på Senterpartiet.

– Det er absolutt eit alternativ. Så er det litt taktikkeri inn i biletet. Dersom eg innser at høgresida og den sitjande regjeringa er tapt, kan eg komme til å stemme på Vedum, for å få eit sterkt Senterparti, uavhengig av regjeringskonstellasjon, seier han.

(©NPK)

Investor og aksjemeklar Jan Petter Sissener (til venstre) har støtta Oslo Senterparti med 100.000 kroner. Ei pengestøtte som Sp-politikaren Jan Bøhler har utløyst med initiativet «Trygg by med Jan». Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Annonse
Annonse