- Iran, Russland og Tyrkia samlast til Syria-toppmøte

Presidentane i Iran, Russland og Tyrkia planlegg å møtast neste veke til sitt tredje toppmøte om Syria, melder tyrkisk fjernsyn.

Tyrkias president Recep Tayyip Erdogan vil reise til Iran 7. september der han skal møte Russlands president Vladimir Putin og den iranske presidenten Hassan Rouhani, melder den statlege tyrkiske TV-stasjonen TRT Haber måndag.

Dei tre presidentane skal ifølgje medieopplysningar diskutere Syria.

Ein talsmann for kontoret til den tyrkiske presidenten vil ikkje bekrefte opplysninga, men kontoret har allereie invitert utvalde tyrkiske medium til å dekke ei reise som Erdogan etter planen skal gjennomføre nettopp fredag 7. september.

(©NPK)

Annonse