Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Irans utanriksminister Javad Zarif kallar USA ein røvarstat etter at landet braut ein vennskapsavtale frå 1955.
uvakt@ntb.no/gunnhild.skjold@ntb.no
Publisert: 03.10.2018 kl 18:04
Sist oppdatert: 03.10.2018 kl 19:55
Avtalen omhandlar blant anna økonomiske forbindelsar og konsulære rettar. Utanriksminister Mike Pompeo kunngjorde onsdag at USA slår ein strek over den gamle vennskapsavtalen, noko som ifølgje han burde ha vore gjort for fleire tiår sidan.
- Eg kunngjer no at USA avsluttar vennskapsavtalen med Iran frå 1955. Dette burde ærleg talt ha vore gjort for 39 år sidan, sa Pompeo, med tilvising til revolusjonen i Iran i 1979.
Avgjerda er ifølgje Pompeo eit svar på at Iran onsdag fekk medhald i Den internasjonale domstolen i Haag (ICJ), det øvste juridiske organet i FN, som slår fast at delar av USA sitt sanksjonsregime mot Iran er ulovleg.
I klaga si til ICJ viste Iran blant anna til vennskapsavtalen frå 1955. Landet reagerer med sinne på den amerikanske avgjerda.
- I dag har USA trekt seg frå ein faktisk avtale mellom USA og Iran etter at ICJ bad dei om å slutte å bryte han gjennom å innføre sanksjonar mot det iranske folket. Røvarstat, skriv Zarif på Twitter.
(©NPK)
USA bryt vennskapsavtalen som blei inngått med Iran i 1955, i protest mot at den høgste domstolen i FN onsdag slo fast at delar av USA sitt sanksjonsregime mot landet er ulovleg, opplyser utanriksminister Mike Pompeo. Foto: AP / NTB scanpix.