Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Tysdag fekk rundt 100 kvinner følgje fotballandskampen mellom Iran og Bolivia frå tribuneplass. Ifølgje riksadvokaten i landet vil det ikkje kunne skje igjen.
stian.johnsen@ntb.no/gunnhild.skjold@ntb.no
Publisert: 17.10.2018 kl 15:31
Riksadvokat Mohammad Jafar Montazeri seier at det vil «medføre synd» å sleppe kvinner inn på ein fotballarena igjen.
- Eg fekk med meg at kvinner var til stades på Azadi stadion i går (tysdag). Vi er ein muslimsk stat, vi er muslimar, seier Montazeri, ifølgje det iranske nyheitsbyrået Mehr.
- Vi skal ta oss av alle tenestemenn som tillèt å ha kvinner til stades på stadion under kva omstende som helst. Når ei kvinne går til eit stadion for å sjå halvnakne menn i sportsklede, så vil dette kunne føre til synd, fortset han.
Kvinner i Iran er blitt nekta tilgjenge til fotballkampar sidan den islamske revolusjonen i 1979. Dei muslimske leiarane i landet vil verne kvinnene frå å vere til stades i ein mannleg atmosfære. Dessutan er dei uroa over samanblandinga av kvinner og menn før og etter kampane.
Det er likevel varsla at fotballarrangørane i Iran vil tillate kvinner på ein av returkampane i semifinalen i den asiatiske meisterligaen 23. november. Montazeri åtvarar dei om at han ikkje vil tillate det.
- Om dette gjentar seg, vil eg be påtalemakta i Teheran å reagere, seier han.
(©NPK)
Ei gruppe kvinnelege supporterar heiar på Iran mot Bolivia under landskampen i Teheran tysdag. Foto: Vahid Salemi / AP / NTB scanpix