Isaksen om straffetoll: - Vi bør vere urolege

Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) deler bekymringa til norsk industri for følgjene ein handelskrig mellom EU og USA kan få for Noreg.

Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) deler bekymringa til norsk industri for følgjene ein handelskrig mellom EU og USA kan få for Noreg.

- Vi burde vere urolege. Vi er ein liten, open økonomi. Vi sel varer og tenester for 860 milliardar kroner i året på verdsmarknaden, og dette gjeld norske arbeidsplassar i byar, men også over heile landet i typiske distriktsfylke, seier Røe Isaksen til NRK.

Etter at presidenten i USA torsdag kunngjorde at han frå fredag ville innføre straffetoll på stål og aluminium frå Mexico, Canada og EU, fryktar EU at aluminium som var meint for USA no vil dumpast i Europa. EU meiner straffetollen kan føre til ein global handelskrig og varslar mottiltak. Unionen vurderer å innføre straffetoll mot tredjeland, noko som vil ramme Noreg.

Vanskeleg situasjon

Hos blant anna Hydro er uroa stor for at ein handelskrig mellom EU og USA vil føre til at norsk aluminium og norske arbeidsplassar blir sette i fare. Både Hydro og norske statsrådar har dei siste dagane drive omfattande lobbyverksemd for at Noreg skal sleppe unna på grunn av EØS-avtalen.

- Noreg står i ein veldig vanskeleg situasjon. Vi får tollen frå USA, men vi vil også få gjengjeldingstollen frå EU fordi vi ikkje er medlemmer. Vi vil få store problem med å selje aluminium, seier investor Jens Ulltveit-Moe til kanalen.

Isaksen seier mottiltaka til EU i denne omgang først og fremst vil ramme USA, men understrekar at EU er eit stort marknad som det er viktig for norske eksportørar å ha tilgang til.

Blir lytta til

- Det er faktisk heilt avgjerande, og også ein av grunnene til at EØS-avtalen er så viktig for norsk næringsliv, seier Isaksen.

Han understrekar at utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) saman med utanrikstenesta jobbar tett opp mot Brussel, og at ho opplever at norske argument blir høyrde.

- Tilbakemeldinga frå utanriksministeren er at Noreg har tett kontakt med Brussel og vi opplever at argumenta våre blir lytta til og at vi også får positive signal, seier Isaksen.

(©NPK)

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide og næringsminister Torbjørn Røe Isaksen underlandsmøtet til Høgre på Gardermoen i april.
Isaksen seier vi burde vere urolege for ein straffetoll frå EU, men understrekar at Søreide har fått stadfesta at norske argument blir lytta til. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Annonse