Klargjør siden...

Israelsk høgsterett godkjenner riving av palestinsk landsby

Høgsterett i Israel har godkjent planane om å rive den palestinske beduinlandsbyen Khan al-Ahmar på den okkuperte Vestbreidda.

Vedtaket om å rive landsbyen blei anka, men onsdag blei anken avvist av den øvste domstolen i landet.

Dermed vil ein mellombels ordre om å vente med rivinga bli oppheva innan ei veke.

I Khan al-Ahmar ligg ein delvis norskfinansiert barneskule, og Noreg har komme med ei sterk oppfordring om ikkje å rive landsbyen og skulen. Også FNs menneskerettsråd, Storbritannia, Frankrike og andre land har bede Israel la landsbyen få stå.

Israels forsvarsminister Avigdor Lieberman meiner derimot at den øvste domstolen har tatt ei modig avgjerd. Israelske styresmakter meiner Khan al-Ahmar blei bygd utan nødvendige løyver.

Kritikarar av rivingsplanane seier det i praksis er umogleg for palestinarar å få byggjeløyve og at dei derfor er tvinga til å byggje i strid med israelske reglar.

(©NPK)

Annonse