Annonse

IT-problem ved innlevering av norskeksamen

Utdanningsdirektoratet fekk fredag fleire meldingar om elevar som hadde problem med å få levert inn eksamen. Ved 15-tida var problema løyste.

Svært mange skoleelevar hadde eksamen fredag ettermiddag, men fleire av dei opplevde at teknikken ikkje var på deira side da eksamenssvara skulle leverast.

Utdanningsdirektoratet la klokka 14.10 ut ei melding om at dei var klar over problema og jobba med å rette dei opp.

- Det stemmer at vi har problem med ustabile system når det er så mange som skal levere samtidig, seier Trine Oskarsen i Utdanningsdirektoratet til NTB klokka 14.40.

- Elevane treng ikkje bekymre seg

Kort tid etterpå opplyser eksamenskoordinator Mari Wiken Frengstad at fleire og fleire får levert inn eksamenssvara sine.

- Da eg sjekka for nokre minutt sidan, hadde rundt 63.000 av dei 74.000 elevane som har eksamen, fått levert. Problemet er at skulane ikkje ser på skjermen om elevar har levert, forklarer ho.

Ho trur dei fleste får levert inn anten ved å laste opp eksamenssvara eller ved å lagre dei på minnepinnar.

- Skulane har fram til midnatt på å leggje inn eksamenssvara, og i verste fall må dei sendast inn på gamlemåten - på papir.

Inga grunn til bekymring

Wiken Frengstad seier elevane uansett ikkje treng å stresse eller bekymre seg for dei tekniske problema.

- Dei treng ikkje vere redde for at eksamenssvara ikkje blir vurdert.

Klokka 15.10 la direktoratet ut ei oppdatert melding om at systema igjen var stabile.

Varierte oppgåver

Fredag var det eksamen i norsk for 3. trinn på vidaregåande skule. I den obligatoriske kortsvarsoppgåva fekk elevane bryne seg på eit utdrag frå Amalie Skrams «Hellemyrsfolket» og blei bedne om å gjere greie for dei naturalistiske trekka i teksten.

Elevane skulle også levere ei langsvarsoppgåve og hadde fire å velje mellom ved eksamen. Her var det stort spenn i tekstene dei skulle ta for seg - Frå skotsk romantikk signert lyrikaren Robert Burns i 1794 via Garborg og Vinje til samfunnskritiske tekstar av nyare dato, inkludert eit utdrag frå Maja Lundes suksessroman «Bienes historie» frå 2015.

(©NPK)

Fleire elevar har meldt om problem i samband med innlevering av eksamen. Illustrasjonsfoto: Thomas Brun / NTB scanpix

Annonse