Italia neste for Casper Ruud

Casper Ruud er ferdig med raudgrusen i Roland Garros. No reiser han heim til kvile etter eit par knalltøffe veker. Neste turnering for han blir i Italia.

Turneringa blir spelt i Citta Di Caltaniessetta frå 11. juni, mens veka etter er det slovakiske Poprad Tatry for tur. Begge er Challengerturneringar på grus.

I veka etter St. Hans, frå 25. til 28. juni, blir det kvalifisering for hovudturneringa i Wimbledon.

Casper Ruud tok seg vidare til 2. runde i Roland Garros-turneringa, men torsdag blei det stopp for spanske Albert Ramos-Viñolas.

Ruud tok med seg mykje erfaring og rundt 755.000 kroner i prispengar.

Så langt denne sesongen har han tent 1,8 millionar kroner. Han fekk også med seg ein del nyttige ATP-poeng og avanserer nok ein del frå 158.-plassen sin.

(©NPK)

Casper Ruud skal ha ei veke med kvile før han skal spele Challengerturnering i Italia. Foto: Alessandra Tarantino / AP / NTB scanpix

Annonse