Italias visestatsminister: Skal ikkje vere Europas flyktningleir

Utanfor ein flyktningleir på Sicilia forsikra Italias nyvalde visestatsminister Matteo Salvini igjen at Italia «ikkje skal vere Europas flyktningleir».

Salvini, som har rolla både som innanriksminister og visestatsminister i den nye høgrepopulistiske regjeringa i Italia, markerte seg under valkampen som krass islam-motstandar og nasjonalist.

Si første helg som statsråd budde han mellom anna på Sicilia, der landet tar imot mange båtflyktningar. Målet med turen var å kartleggje situasjonen på øya.

- Italia og Sicilia skal ikkje vere Europas flyktningleir, sa Salvini til stor jubel frå sine frammøtte tilhengjarar.

Salvini har mellom anna lova veljarane sine å finne ut korleis Italia kan redusere talet på migrantar som kjem til landet, samtidig som han vil auke talet på utvisingar.

- Ingen kan endre på mi overtyding om at ulovleg innvandring er business. Å sjå folk tene pengar på barn som dyør, gjer meg rasande, fortsette han.

Så seint som fredag blei 158 migrantar henta opp av eit redningsskip og sett i land på Sicilia.

(©NPK)

Italias visestatsminister og innanriksminister Matteo Salvini taler til sine tilhengjarar i Catania, den nest største byen på øya Sicilia i Italia. Foto: Orietta Scardino /ANSA / AP / NTB scanpix

Annonse