Annonse

Italiensk siger på kupert Giro-etappe

Italienske Enrico Battaglin angreip på det perfekte tidspunktet og kom først til mål på den kuperte etappen i Giro d'Italia onsdag.

Samanlagtfavorittane heldt seg i ro på den 153 kilometer lange etappen frå Agrigento til Santa Ninfa. Australske Rohan Dennis beheldt leiartrøya og har framleis eitt sekunds forsprang til regjerande meister Tom Dumoulin.

Sigeren var Enrico Battaglins tredje i karrieren i Giro-samanheng. Han vann også etappar i 2013 og 2014.

Landsmannen Giovanni Visconti var andremann over målstreken i Santa Ninfa, medan portugisiske Jose Goncalves følgde deretter.

Starten av etappen onsdag måtte dessutan utsetjast i 15 minutt som følgje av ei ulykke. Ein motorsykkelførar blei livstruande skadd i ulykka.

(©NPK)

Annonse