Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Ivar Horneland Kristensen tek over som administrerande direktør i Virke etter Vibeke Hammer Madsen, som går av til hausten etter 16 år som leiar.
dag.kjorholt@ntb.no/margunn@npk.no
Publisert: 07.06.2018 kl 14:53
Kristensen kjem frå jobben som generalsekretær i akademikarorganisasjonen Tekna, og han tek dermed steget over frå arbeidstakar- til arbeidsgjevarsida.
- Eg skal visa meg tilliten verdig ved å styrkja og forsterka Virke som ein slagkraftig støttespelar for næringslivet, seier Ivar Horneland Kristensen i ei pressemelding.
Med overgangen til Virke, tek Kristensen steget over frå arbeidstakarsida til arbeidsgjevarsida. Han leier no Tekna, den største akademikarorganisasjonen i Noreg med over 74.000 medlemmer.
Hovudorganisasjonen Virke representer handelen, ideell sektor, kunnskap- og teknologibedrifter, i tillegg til kultur- og servicenæringar i Noreg. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.