Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Jakob Ingebrigtsen blir likevel å sjå på 1500-meteren saman med broren Filip under Diamond League-finalen i Zürich 30. august, melder NRK.
bernt.harald.dysthe.brennevann@ntb.no/johanne@npk.no
Publisert: 23.08.2018 kl 17:11
Det stadfesta Ingebrigtsen-gutane sin agent Daniel Wessfeldt til kanalen torsdag.
Jakob Ingebrigtsen var eigentleg ikkje kvalifisert til DL-finalen i Sveits. Den nybakte europameisteren hadde ikkje samla nok poeng gjennom sesongen. Han var derfor avhengig av forfall.
Wessfeldt seier til NRK at han førebels ikkje veit kven som har trekt seg frå årets siste Diamond League-stemne.
I DL-samanheng har Jakob Ingebrigtsen berre delteke éin gong denne sesongen. Då dundra han til med 4.-plass og personleg rekord 3.31,18 i Monaco 20. juli. Han var også med i Diamond League-stemna i Oslo og Stockholm, men dei løpa var ikkje ein del av det offisielle DL-programmet.
- Det er berre eitt løp igjen, og eg har ikkje nok poeng til å bli med. Men blir eg invitert, så stiller eg sjølvsagt, sa 17-åringen til NTB under Berlin-EM.
Filip Ingebrigtsen håper å leggje EM-nedturen bak seg med ein solid innsats i Diamond League-finalen. I Berlin pådrog han seg ribbeinsbrest, og det øydela medaljesjansane hans.
Kommande torsdag spring han favorittdistansen (1500 meter) i Zürich. Der handlar alt om å runde av sesongen med stil. Det klarte han ikkje for eitt år sidan.
- I fjor hadde eg ei veldig dårleg avslutning på sesongen. Eg blei sjuk etter VM og fekk ein liten nedtur på tampen av sesongen. Sjølv om det var ein god sesong, gjekk eg ut av sesongen med ei litt dårleg kjensle. Eg hadde ikkje flagget til topps, seier Filip Ingebrigtsen til NTB.
Den mellomste av Ingebrigtsen-brørne sette norsk rekord på 1500 meter med 3.30,01 under DL-stemnet i Monaco.
(©NPK)
Jakob Ingebrigtsen får plass i Diamond League-finalen på 1500 meter i Zürich neste veke. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
Artikkelen fortsetter etter annonsen.