Annonse

Jakob Oftebro brannskadd under TV-innspeling

Skodespelar Jakob Oftebro blei sendt til sjukehus med alvorlege brannskadar etter eit uhell med ein såkalla molotov cocktail under ei filminnspeling i Sverige.

Ulykka skjedde under innspeling av ein scene i serien «Hamilton» laurdag, skriv VG. 32-åringen spelar hovudrolla i thrilleren som er basert på den hemmelege agenten skapt av forfattar Jan Guillou.

Den aktuelle scenen skildrar opptøyar og samanstøytar med politiet. Oftebro skal ha fått innhaldet i ein molotov cocktail - ei primitiv brannbombe - over seg.

Frå anna hald får VG stadfesta at skodespelaren som blei frakta til sjukehus er hovudrolleinnehavar Oftebro. 32-åringen har fått behandling for skadane, men er no ute av sjukehuset.

- Vi veit ennå ikkje utfallet av skaden. Men tilstanden hans er alvorleg. Og så er det viktig for oss å påpeike at Jakob ikkje har noka skyld i dette, seier Oftebros manager, Anne Lindberg, til VG. Skodespelaren skal vere på betringas veg.

Politiet etterforskar saka som eit tilfelle av aktløyse som har framkalla fare for andre.

- Vi har ennå ikkje avhøyrt den som blei ramma, men vi har avhøyrt fleire vitne for å finne ut av korleis dette har skjedd, seier Kjell Lindgren i stockholmspolitiet.

(©NPK)

Jakob Oftebro skal ha fått innhaldet i ein molotov cocktail over seg under innspelinga. Arkivfoto: Mariam Butt / NTB scanpix

Annonse
Annonse