Annonse

Japan fekk VM-revansj mot Colombia

Målet til Yuya Osako gav Japan ein flott VM-start med 2-1-siger over Colombia. Dei søramerikanske favorittane blei reduserte til ti mann etter berre tre minutt.

Med sigeren fekk Japan ein god revansj for den tunge 1-4-smellen laget fekk av Colombia i førre VM. Tapet sende asiatane ut av meisterskapen. Fire år seinare har Japan teke kontrollen i gruppe H.

Vinnarmålet kom i det 73. minuttet. Osako hoppa til vêrs og stonga inn corneren til Keisuke Honda via den lengste stolpen. Der blei Colombia-keeper David Ospina teken skikkeleg på halvdistanse.

I Saransk blei det skikkeleg VM-drama etter berre tre minutt. Colombia kom på hælane etter ei kontring, og i eit desperat forsøk på å rydda opp, stoppa Carlos Sánchez skotet til Shinji Kagawa med hendene. Dommaren kunne ikkje gjera anna enn å dømma straffe og dela ut det første raude kortet i VM.

Frekt frispark

Kagawa gjekk sjølv bort til krittmerket og scora sikkert. Borussia Dortmund-profilen sette ballen midt i mål då han såg at David Ospina var i ferd med å kasta seg til høgre.

VM-starten har vore uvanleg snill, men i den 15. kampen kom altså den første utvisninga i meisterskapen. Det var det nest raskaste raude kortet i historia i VM-samanheng. I 1986 blei José Batista (Uruguay) utvist etter berre eitt minutt i ein 0-0-kamp mot Skottland.

Japanarne hadde grei kontroll på eit redusert Colombia, men seks minutt før pause glippa det. Juan Quintero trilla då inn 1-1 etter eit smått genialt frispark. Ballen gjekk lågt langs bakken under ein hoppande mur. Den japanske keeperen Eiji Kawashima augn faren for seint, og ballen hadde allereie vore over streken då han fekk grep om han. Det hjelpte lite å protestera. Mållinjeteknologien blei brukt, men det var uansett ingen tvil om utlikninga til Colombia.

Rodriguez-sjanse

Etter pause la colombianarane seg lågt. Det gav Japan mykje tid med ballen og eit klart overtak i banespelet. Det var ingenting å seia på at japanarane tok tilbake leiinga med litt over eit kvarter igjen.

Mot slutten stressa Colombia i jakta på ei utlikning. Det skal seiast at James Rodríguez kom til ein enorm sjanse i det 79. minuttet. Brått fekk Bayern München-stjerna stå fri i boksen, men målscorar Osako ofra seg og blokkerte skotet.

Rodriguez starta elles oppgjeret på benken. Den førre Vm-toppscoraren har i det siste slite med ein skade i leggen. Han sleppte til den siste halvtimen.

Polen og Senegal er også i gruppe H.

(©NPK)

Yuya Osako blei matchvinnar då Japan slo Colombia 2-1 i VM måndag. Foto: Vadim Ghirda / AP / NTB scanpix

Annonse