Klargjør siden...

Japan, Kina og Sør-Korea einige om fredssamarbeid 

Japan, Kina og Sør-Korea er einige om å samarbeide for å gjere Nord-Korea atomvåpenfritt.

Japans statsminister Shinzo Abe var vert for eit toppmøte med Kinas statsminister Li Keqiang og Sør-Koreas president Moon Jae-in onsdag. På agendaen for møtet stod Nord-Koreas atomvåpenprogram og frihandel.

- Det er moglegheiter no for å gjere den koreanske halvøya fullstendig atomvåpenfri, og bringe fred og stabilitet til heile Nordaust-Asia. For å få til dette treng vi konkrete handlingar frå Nord-Korea, uttalte Abe etter møtet.

Møtet i Tokyo vart avvikla mindre enn to veker etter samtalane mellom Moon og Nord-Koreas leiar Kim Jong-un, og i forkant av det planlagte toppmøtet mellom USAs president Donald Trump og Kim, som truleg vil finne stad seinare denne månaden eller i juni.

USAs utanriksminister Mike Pompeo er onsdag i Nord-Korea, der han seier han skal sluttføre planane for eit toppmøte mellom Trump og Kim.

(©NPK)

Japans statsminister Shinzo Abe, (i midten), Kinas statsminister Li Keqiang (t.v.) og Sør-Koras president Moon Jae-in Tokyo i Japan onsdag. Dei tre leiarane er blant anna einige om å samarbeide for å gjere Nord-Korea atomvåpenfritt. Foto: AP/NTB-NTB scanpix