Japansk stålgigant tiltalt for datajuks

Den japanske stålgiganten Kobe Steel er tiltalt for å ha forfalska informasjon om styrken og kvaliteten på produkta sine.

Ei intern gransking avdekte sist haust at det var juksa med dataa for 19.300 tonn aluminiumsprodukt, 2.200 tonn koparprodukt og 19.400 einingar støypegods av aluminium frå Kobe Steel.

Stålselskapet har tidlegare beklaga jukset, men ynskjer førebels ikkje å kommentere tiltalen frå det japanske aktoratet. Tiltalen er ikkje retta mot enkeltpersonar, men selskapet som heilskap. Dette trass i at Kobe Steel har oppgitt at leiarar innanfor selskapet valde å oversjå praksisen der informasjon blei forfalska.

Store produsentar av fly- og forsvarsmateriell, som Mitsubishi Heavy Industries, Kawasaki Heavy Industries og IHI har brukt produkt frå Kobe Steel. Det same har bilprodusentar som Toyota, Nissan, Honda, Mitsubishi, Subaru og Mazda.

Då skandalen blei kjent i 2017, åtvara EUs luftfartsorgan flyselskap mot å bruke produkta frå Kobe Steel. Selskapet har sjølv varsla at dei skal auke kvaliteten på produkta sine for å vinne tilbake kundetilliten.

Hiroya Kawasaki gjekk av som Kobe Steels president som følgje av skandalen.

(©NPK)

Den japanske stålgiganten Kobe Steel er tiltalt for å ha forfalska informasjon om styrken og kvaliteten på eigne produkt. Foto: Yuya Shino / Kyodo News via AP / NTB scanpix

Annonse
Annonse