Tips oss:
Tips
482 94 689
Kontakt
Plan International Noreg gjev Jenteprisen 2018 til Mia Landsem (21), som hjelper jenter som har fått spreidd bileta sine på nettet.
innenriks.vaktsjef@ntb.no/margunn@npk.no
Publisert: 11.10.2018 kl 19:42
Prisen blei delt ut under eit arrangement i Oslo torsdag kveld.
- Vinnaren av Jenteprisen 2018 er ein institusjon i seg sjølv. Mia Landsem viser veg ved å vera handlekraftig og særs modig. Superman og Batman er ikkje i nærleiken, årets vinnar er blant dei råaste i si tid. Dette er ein vinnar vi alle ønskjer å vera som. Dette er ein vinnar vi alle hadde sprunge til for å få hjelp, seier juryleiar Navjot Sandhu.
Det var Mia Landsem som oppdaga at nakenbilete av handballstjerna Nora Mørk hadde blitt spreidd. Saka blei kjend i november i fjor.
41 personar og organisasjonar var nominerte til Jenteprisen 2018. Med tildelinga til Landsem ønskjer juryen ikkje berre å løfta fram den viktige innsatsen hennar, men også ein problematikk som rammar fleire og fleire.
- Spreiing av private bilete til andre er i ferd med å bli eit samfunnsproblem. Det er eit overgrep mot dei som blir utsette for det, eit overgrep dei må oppleva på nytt gong på gong. Og på internett blir mange av bileta aldri borte, seier Sandhu.
Prisvinnaren fortel at ho kvar dag får meldingar frå jenter som har opplevd at bileta deira har kome på avvegar. Sakene omfattar både mobbing, utpressing og hevnporno.
(©NPK)
Mia Landsem blei tildelt Jenteprisen 2018 for den iherdige kampen sin mot ulovleg deling av private bilete på nett. Foto: Plan International Noreg / NTB scanpix / NPK