Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Den norske fotballtrenaren Jørn Andersen går frå jobben som landslagssjef i Nord-Korea til trenar i sørkoreansk fotball.
ole.henrik.tveten@ntb.no/kirsten@npk.no
Publisert: 08.06.2018 kl 13:24
Ifølgje TV 2 reiser Andersen til Sør-Korea laurdag for å skrive under ein kontrakt på eitt og eit halvt år med klubben Incheon United.
Incheon United ligg nest sist i K-League halvvegs ut i serien, og nordmannen er henta inn for å redde klubben frå nedrykk. Det er berre eitt lag som rykker ned frå ligaen.
TV 2 skriv at Andersen tente fire millionar kroner i året som landslagssjef for Nord-Korea frå 2016-2018, men at det er venta at han går opp i lønn i Sør-Korea.
Incheon er Sør-Koreas tredje største by, med rundt tre millionar innbyggjarar.
(©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.