Klargjør siden...

Jubeldag på Oslo Børs - nærmar seg 900 poeng

Investorane på Oslo Børs hadde ein god dag torsdag. Hovudindeksen gjekk opp 1,03 prosent til 892,05 poeng.

Omsetnaden var 5,53 milliardar kroner fordelt på 143.000 handlar.

Yara toppar omsetningslista og er dagens vinnar med ein auke på 3,6 prosent etter ein varsla prisauke i Tyskland. Equinor er skubba ned til andreplassen og veks 1,3 prosent til 217,4 kroner per aksje. DNB på tredjeplass aukar med 2,3 prosent til 153,7 kroner.

Den store taparen er Questerre Energy som nesten får halvert børsverdien sin og går ned 48,5 prosent. Fallet kjem etter ein auke på nesten 35 prosent denne veka. Bakgrunnen er at styresmaktene i Quebec har varsla nye reguleringar der det blant anna vert foreslått at det blir ulovleg å drive olje- og gassutvinning under éin kilometer frå urbane strøk, skriv CBC, ifølgje E24.

Dei europeiske børsane hadde små rørsler. DAX 30 i Frankfurt stod uendra. I Paris steig CAC 40 0,1 prosent, medan i London gjekk FTSE 100 opp med 0,2 prosent.

Oljeprisane stig igjen etter å ha vore nede under 75 dollar dei siste dagane. Då børsen stengde, blei eit fat nordsjøolje omsett for 76,8 dollar på spotmarknaden. Amerikansk lettolje blei seld for 65,8 dollar fatet. Det er over ein dollar meir enn onsdag. Bakgrunnen for oppturen skal vere at marknaden bekymrar seg for ytterlegare fall i oljeproduksjonen i Venezuela, som er det landet i verda med størst påviste oljereservar.

(©NPK)

Oslo Børs nærmar seg 900 poeng i sommarvarmen. Foto: Erik Johansen / NTB scanpix