Klargjør siden...

Justisdepartementet får ny kritikk for manglande terrorsikring

Igjen rettar Riksrevisjonen sterk kritikk mot Justisdepartementet for ikkje å ha følgt opp krava til såkalla objektsikring godt nok.

- Det er svært alvorleg at manglane ved grunnsikringa av dei skjermingsverdige objekta i politiet og Forsvaret framleis ikkje er i samsvar med krava i sikkerheitslova, seier riksrevisor Per-Kristian Foss.

I ein ny rapport om terrorsikring som vart offentleggjort tysdag, konkluderer Riksrevisjonen med at «departementet har i liten grad sørget for en overordnet plan for etablering av permanent grunnsikring for de skjermingsverdige objektene i politiet».

Det vart stor oppstand då Riksrevisjonen i oktober 2016 kom med kraftig kritikk av regjeringas arbeid med terrorsikring av kritisk infrastruktur og viktige bygningar, såkalla objektsikring. Rapporten vart stempla hemmeleg, men delar av den lak ut til media etter at regjeringa sa nei til å offentleggjere eit samandrag.

Rapporten konkluderte blant anna med at politiet og Forsvaret ikkje ville vere i stand til å gi viktige objekt (bygningar) godt nok vern og sikring i ein trusselsituasjon. Etatane vart også kritisert for mangelfullt samarbeid.

Dette er framleis ikkje følgt opp, meiner Riksrevisjonen.

- Justis- og beredskapsdepartementet har per 31. desember 2017 framleis ikkje sørgd for at grunnsikringa av dei skjermingsverdige objekta er i samsvar med krava i sikkerheitslova og forskrift om objektssikkerheit. Det står att eit betydeleg arbeid før alle dei skjermingsverdige objekta vil vere sikra i samsvar med krava, heiter det i ei pressemelding.

(©NPK)