Justisministeren vil bruke sanksjonar for å fremme retur

Justisminister Tor Mikkel Wara (Frp) arbeider med EU-landa om visumrestriksjonar overfor land som ikkje samarbeider om retur av eigne borgarar.

Justisminister Tor Mikkel Wara (Frp) arbeider med EU-landa om visumrestriksjonar overfor land som ikkje samarbeider om retur av eigne borgarar.

Wara diskuterte tysdag med justis- og innanriksministrar i EU i Luxembourg om visumregelverket bør koplast til retursamarbeid.

- Vi meiner at det er effektivt verkemiddel å bruke visumrestriksjonar overfor land som ikkje samarbeider om retur. Det meiner også fleirtalet av dei europeiske landa og vi arbeider no saman for egne regler om dette. Dette vil bidra til meir effektiv retur overfor tredjeland som er ei felleseuropeisk utfordring i dag, seier Wara etter diskusjonen blant ministrane i Luxembourg tysdag.

Wara understrekar at effektiv retur av asylsøkjarar utan lovleg opphald i Noreg er ein sentral og nødvendig del av ein streng og rettferdig flyktning- og migrasjonspolitikk. Dette er eit prioritert satsingsområde for regjeringa, poengterer han.

- Diskusjonen i dag var god, og vi er samde med dei andre Schengen-landa om at det er på tide å bruke visumregelverket meir aktivt som eit verktøy i returarbeidet. Dette vil føre til at vi har fleire verkemiddel overfor land vi i dag har utfordringar med, seier Wara.

Justisministeren innrømde overfor VG i førre veke at Noreg har eit kjempeproblem med å få tvangsreturnert ulovlege innvandrarar til Iran og Irak. Kriminelle som blir straffedømte igjen og igjen blir ikkje sendt ut av Noreg.

Ifølgje politiet krev både Iran og Irak at borgarane deira skal reise heim frivillig, dersom politiet ikkje klarer å skaffa fram passa deira. Wara sa at praksisen stiller alle europeiske land i ein vanskeleg situasjon.

- Dette er ikkje eit norsk problem, dette er eit europeisk problem at dei ikkje vil ta imot det vi meiner er deira borgarar. Og at vi ikkje klarer å bevise at det er deira borgarar gjennom pass.

(©NPK)

Justisminister Tor Mikkel Wara seier Noreg har eit kjempeproblem med å få tvangsreturnert ulovlege innvandrarar til Iran og Irak. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Annonse