Klargjør siden...
Annonse

Kartlegging: Lite mikroplast i norsk drikkevatn

Det er svært låge nivå av mikroplast i vatnet frå norske vassverk ifølgje undersøkingar gjort ved 24 vassverk.

Det er Norsk institutt for vassforsking (Niva) som har utført analysane på oppdrag for bransjeorganisasjonen Norsk Vann.

Folkehelseinstituttet har gjort ei helsemessig vurdering av resultata.

- Med utgangspunkt i kunnskapen som ligg føre, utgjer desse låge nivåa av mikroplast i drikkevatn ingen helsemessig risiko, bekreftar Susanne Hyllestad ved Folkehelseinstituttet i ei pressemelding frå Norsk Vann.

I studien er det lagt vekt på å få kartlagt drikkevatnet til ein stor del av befolkninga, og vassverka vart også valt ut frå ei vurdering av risiko og representativitet.

- Kartlegginga viser svært låge nivå av mikroplast i norsk drikkevatn, også hos dei vassverka som potensielt har dei mest forureina drikkevasskjeldene. Dette er gode nyheiter for oss alle, seier direktør Toril Hofshagen i Norsk Vann.

No skal bransjen samarbeide med Mattilsynet om oppfølging av resultata.

(©NPK)

Det er lite mikroplast i norsk drikkevatn, ifølgje ei undersøking frå bransjen. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix.

Annonse
Annonse
Annonse