Kim: Eg var overvelda av følelsar

Nord-Koreas leiar Kim Jong-un seier han vart overvelda av følelsar då han kryssa grensa til Sør-Korea til fots fredag.

Kim kryssa grensa til nabolandet fredag morgon lokal tid, med heile verda som publikum. Sjølv sa Kim at «det var så lett», og at han «kunne ikkje forstå kvifor det hadde tatt så lang tid å gjere dette etter elleve år».

Førre toppmøte mellom dei to landa vart halde i den nordkoreanske hovudstaden Pyongyang i 2007.

- Eg gjekk rundt 200 meter, overvelda av følelsar, sa Kim då han kom til Fredshuset.

Tidlegare møte førte ikkje fram

Dei to tidlegare toppmøta i 2000 og 2007 førte aldri til nokon form for fredsavtale mellom nord og sør. Kim antyda at han var klar over skepsisen som hang igjen frå tidlegare møte og lova å sørgje for ein varig avtale.

- Det spelar ingan rolle at ein oppnår ein bra avtale om ein ikkje implementerer den ordentleg. Då vil det berre føre til skuffelsar, sa Kim.

- Til forskjell frå tidlegare då vi mislykkast i å følgje opp og gjekk tilbake til start, ønsker eg å møte forventningane til folket, fortsette den nordkoreanske leiaren.

Moon uttrykte beundring over Kim som han meinte var modig som valde å krysse grensa til nabolandet. Han sa han håpte på «ein kraftig avtale slik at vi kan gi det i gåve til det koreanske folket og folket som ønsker fred.»

- Då du kryssa den militære grensa for første gong, vart Panmunjom eit symbol for fred, ikkje splid, sa Moon til Kim.

- Eg trur vi begge føler ei tung vekt på våre skuldrer, fortsette han.

Fekk Moon til å le

Deretter heldt dei to leiarane det første møtet for lukka dører. Like over klokka 5 fredag morgon norsk tid gjekk Kim tilbake til den nordkoreanske sida av grensebyen for å ete lunsj.

Seinare er det venta ein ny runde med diskusjonar før det er meininga at dei to leiarane skal underteikne ein avtale og komme med ei felles fråsegn. Utover kvelden skal dei to ete middag saman, og på menyen står både nord- og sørkoreanske retter. Kim sa til Moon han håpte han ville like dei tradisjonelle kalde nudlane han hadde teke med.

(©NPK)

Nord-Koreas leiar Kim Jong-un og Sør-Koreas president Moon Jae-in poserer for fotografane inne i Fredshuset i grensebyen Panmunjom. Foto: Korea Summit Press Pool / AP / NTB scanpix

Annonse