Klargjør siden...

Kina protesterer mot amerikanske krigsskip i Sørkinahavet

Kina uttrykkjer sterk misnøye med at to amerikanske krigsskip har seglt forbi ei øy som Kina gjer krav på i Sørkinahavet.

Det kinesiske forsvarsdepartementet seier at dei sende eit skip for å åtvare dei to amerikanske fartøya mens dei oppheldt seg i nærleiken av ein av Paraceløyane. Departementet seier at dei to skipa seglde inn i kinesisk farvatn utan å be om løyve.

USA gjer det klart at dei seglar sine skip i Sørkinahavet for å handheve retten til fri ferdsel på verdshava og gjere klar sin opposisjon mot dei kinesiske krava i det omstridde havet.

Kina gjer krav på 90 prosent av Sørkinahavet, inkludert farvatn som høyrer til territorialfarvatna til Filippinane, Vietnam og andre land rundt Sørkinahavet. Kinesarane byggjer basar og anlegg på øyer og skjer som dei andre landa gjer krav på.

(©NPK)

Det amerikanske marinefartøyet USS Antietam (CG 54) fotografert i Sørkinahavet i mars 2016. Arkivfoto: Mass Communication Specialist 2nd Class Marcus L. Stanley/U.S. Navy via AP / NTB scanpix