Kina varslar at dei vil gjengjelde kongressvedtak om Hongkong

Kina fordømmer lovforslaget som vart vedtatt i Kongressen i USA, som støttar menneskerettar og demokrati i Hongkong.

- Vi fordømmer sterkt og motset oss signeringa av Hongkong-relaterte lovforslag, seier Geng Shuang, som er talsperson for det kinesiske utanriksdepartementet, på ein pressekonferanse torsdag.

Han åtvarar om at USA blandar seg inn i Hongkong og Kinas interne forhold.

Representanthuset vedtok lovforlaget med 401 mot 1 stemme onsdag, dagen etter at Senatet einstemmig vedtok lova om menneskerettar og demokrati i Hongkong. Lovforslaget inneber at den amerikanske presidenten årleg skal vurdere handelsstatusen USA har innvilga Hongkong.

- Viss USA er bestemt på å handle åleine, vil Kina ta i bruk effektive middel for bestemt å kjempe mot, seier Shuang.

Kongressvedtaket blir sett på som ei støtte til dei enorme demonstrasjonane som har herja Hongkong sidan juni.

Forslaget blir no sendt til president Donald Trump, som er venta å skrive under, ifølgje ei kjelde til AFP.

(©NPK)

Ein demonstrant i Hongkong med eit amerikansk flagg onsdag denne veka. Foto: Kin Cheung, AP / NTB scanpix

Annonse