Annonse

Kinas handelsoverskot med USA aukar

Kinas handelsoverskot med USA auka frå april til mai, ein vekst som har halde fram sidan starten på året. USA krev at handelsoverskotet blir redusert.

Handelsoverskotet var på 24,6 milliardar dollar i mai, ein oppgang på 2,4 milliardar dollar frå april. Storleiken på Kinas handelsoverskot overfor USA var i mai også større enn det var i mai i fjor.

Handelsubalansen med USA har vakse sidan starten på året. Frå januar til mai har USAs handelsunderskot med Kina nådd 105 milliardar dollar, noko som er 11,6 milliardar dollar meir enn i dei første fem månadane i fjor.

USAs president Donald Trump har lagt press på Kina for å få den økonomiske stormakta til å redusere handelsunderskotet. For fjoråret som heilskap var USAs handelsunderskot med Kina på 375 milliardar dollar. Washington har innført toll til ein verdi av 50 milliardar dollar på kinesiske varer i eit forsøk på å rette opp ubalansen.

I forhandlingar i Beijing i helga la kinesarane på bordet eit tilbod om å kjøpe amerikanske varer for 70 milliardar dollar, men med atterhald om at dette ikkje blir konkretisert dersom USA set i verk den varsla tollen.

Kinas samla eksport til verdsmarknaden steig i mai med 12,6 prosent frå mai i fjor, og importen steig i same periode med 26 prosent.

(©NPK)

USAs handelsminister Wilbur Ross møtte i helga Kinas visestatsminister og økonomiske sjefforhandlar Liu He i Beijing for å snakke om handelskonflikten mellom dei to økonomiske stormaktene. Foto: AP / NTB scanpix

Annonse