Klargjør siden...

Kinas økonomiske vekst stagnerer

Kinas økonomi voks 6,5 prosent i tredje kvartal. Det er den svakaste veksten den nest største økonomien i verda har hatt sidan første kvartal i 2009.

6,5 prosent vekst er 0,2 prosentpoeng dårlegare enn resultatmeldinga frå andre kvartal, men talet er likevel i tråd med målet frå myndigheitene for 2018.

USAs innføring av toll på kinesiske varer blir peika ut som ei av årsakene til nedgangen i veksten.

Torsdag kveld vart det kjent at kinesiske styresmakter har retta ein førespurnad til Verdshandelsorganisasjonen (WTO) om dei kan sette ned ei ekspertgruppe som skal fastslå om USAs innføring av toll på stål og aluminium er lovleg, skriv Reuters. Kina meiner tollinnføringa er ei handling som «kraftig undergrev multinasjonale handelsreglar».

USA innførte 23. mars tilleggstoll på utvalde stål og aluminiumsprodukt på høvesvis 25 og 10 prosent for å beskytte eigen industri. Nokre månader seinare, i juni, innførte Trump 25 prosent toll på over 1.100 kinesiske produkt, som blant anna telekomutstyr og kjemiske produkt. Kina svarte med å auke tollen på amerikanske produkt, blant anna bilar, sjømat og landbruksprodukt.

I september trappa Trump opp handelskrigen ved å heve tollsatsane på ei rad andre kinesiske produkt, noko styresmaktene i Beijing straks svarte på.

Trass i høgare tollsatsar eksporterte Kina for meir enn nokon gong til USA i september og fekk eit rekordhøgt handelsoverskot. Kina eksporterte varer i september for 1.856 milliardar kroner, ein auke på 14,5 prosent frå same månad i fjor. Importen var på 1.596 milliardar kroner, ein auke på 14,3 prosent.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto: AP / NTB scanpix