Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Lego-konsernet skal samarbeide med det kinesiske nettselskapet Tencent for å tilby spel, video og kanskje ein sosial medieplattform med barn som målgruppe.
uvakt@ntb.no/kirsten@npk.no
Publisert: 15.01.2018 kl 15:49
Avtalen vil opne for kombinasjon av Legos evne til å skape innhald, med Tencents distribusjonsmusklar, opplyste det danske selskapet måndag.
- Vi ser at stadig fleire kinesiske barn engasjerer seg i den digitale verda, og samarbeidet vil gi dei tilgang på trygt og oppfinnsamt Lego-innhald, seier Jacob Kragh, som er sjef for Legos avdeling i Kina.
Samarbeidet omfattar utvikling av ei videoteneste, lisensiering av Lego-dataspel og eit digitalt byggjesett der barn kan gjere om Lego-brikker til rørlege objekt. I tillegg skal partane vurdere etablering av ein trygg sosial medieplattform for barn.
Tencent er blant Kinas største nettselskap og har utvikla lynmeldingsappen WeChat, nettspel og plattformer for nettbetaling.
Det danske konsernet sett i fjor i gang ei restrukturering som omfattar reduksjon av 1.400 stillingar, om lag 8 prosent av dei tilsette. Selskapsleiinga ser no på nye måtar for å nå fram til nye kundegrupper i fleire land.
(©NPK)
Lego satsar meir på den kinesiske marknaden og inngår partnarskap med eitt av dei største nettselskapa i landet. Bildet er frå veslejulaftan og viser ein Lego-utstilling i den nyopna britiske leiketøysforretningen Hamley i Beijing. Foto: AP /NTB scanpix