Klargjør siden...

Kirkens SOS: Fleire døyr i Noreg av sjølvmord enn i ulykker

I fjor hadde Kirkens SOS åleine over 21.000 samtalar med personar som ville ta livet av seg. Det utgjer ein tidel av alle samtalane til krisetelefonen.

Kvart år tar 500-600 menneske sitt eige liv, og omkring ti gonger så mange prøver å gjere det. I Noreg er det altså langt fleire personar som døyr i sjølvmord enn i ulykker på veg og til sjøs samanlagt.

Måndag er det internasjonal sjølvmordsførebyggingsdag, og generalsekretær Leif Jarle Theis i Kirkens SOS i Noreg meiner det er viktig å prate om dette, og ikkje forteie det.

- Urovekkjande

- I 2017 gjennomførte vi 21.782 samtalar som handla om sjølvmordstankar, seier Theis.

- Det betyr at dei frivillige medarbeidarane våre tar imot omkring 60 slike samtalar kvart einaste døgn.

Totalt svarer Kirkens SOS på nesten 200.000 telefonar kvart år. I overkant av 10 prosent av samtalane på telefon handlar om sjølvmordstankar. På chattetenesta på nett er talet nærare 50 prosent, og Theis meiner desse tala er urovekkjande.

- Samtidig er tenesta vår bevis på at ein god samtale kan bidra til å redde liv, meiner han og understrekar at tala omfattar alt frå samtalar om sporadiske tankar til konkrete planar om å gjere slutt på livet her og no.

- Viktig å prate ut

Både erfaringane Kirkens SOS har samla i over 40 år saman med miljøa som forskar på sjølvmordsførebygging, viser at det er viktig å kunne setje ord på dei tunge tankane og å våge å prate om sjølvmordstankar.

Kirkens SOS har rundt 1.000 frivillige som bemannar den døgnopne tenesta på telefon og internett. Tenesta er anonym, og derfor har ikkje Kirkens SOS tal på kor mange liv dei reddar med tilbodet. Men dei frivillige og tilsette får stadig tilbakemeldingar frå menneske som fortel at samtalane dei har hatt, har vore svært viktige for dei.

Måndag skal dagen markerast over heile landet med lysmarkeringar. I Oslo skal det tennast 614 lys på Jernbanetorget, like mange lys som registrerte sjølvmord i Noreg i 2016. Eldre- og folkehelseminister Åse Michaelsen (Frp) og generalsekretær Oddrun Bøhlerengen i arrangørorganisasjonen Leve deltar på arrangementet.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto: Frank May / NTB scanpix

Annonse