Kleven verft avviser at nye hurtigruteskip er for tunge

Dei to nye hurtigruteskipa må truleg byggjast om på grunn av høg vekt, skriv Dagens Næringsliv. Konserndirektøren på Kleven verft avviser alle problem.

Hovudtillitsvalt Olav A. Høydalsvik ved Kleven Verft i Ulsteinvik på Sunnmøre, som står for design og bygging, seier delar av overbygget av stål må fjernast.

- Vi må fjerne éin eller to etasjar med stål på toppen. Stålet skal skiftast ut med aluminium. Dette arbeidet blir ferdig over ferien, seier han til Dagens Næringsliv.

Klevens konsernsjef Karsten Sævik tona først ned problemet overfor avisa.

- Det kan hende vi må byte ut noko stål med aluminium, men neppe i eit så stort omfang at vi må byggje om to heile dekk, seier han.

- Ikkje for tungt

Onsdag formiddag går Sævik endå lenger i å avskrive problemet. I ein e-post til NTB avviser han alle påstandane i DN og seier det ikkje er planar om nokon omfattande modifikasjonar.

- Skipet er ikkje for tungt. Skipet skal ikkje byggjast om. Vi skal ikkje erstatte stål med aluminium, skriv Sævik.

- Som kundane våre, blir styret haldne orienterte om våre prosjekt. Det inkluderer moglege utfordringar vi kan støyte på, som forseinkingar eller vekt. Styret vart orientert om vekt som ein av fleire moglege utfordringar. Styret er også orientert om at vekt likevel ikkje vart eit problem, og at ombygging ikkje er nødvendig, seier konsernsjefen vidare.

Styreleiar Leif Teksum bekreftar dette.

- Styret vart orientert om at det kunne vere utfordringar med vekta og at ein såg på ulike løysingar. Men som eg også har fortalt Dagens Næringsliv, vart vi seinare orienterte om at verken ombyggingar eller andre større tiltak var nødvendig. Så eg kjenner meg ikkje igjen i DNs framstilling av fakta i saka.

Rolls-Royce kjenner seg ikkje igjen

Designet på dei to skipa er eit samarbeid mellom Rolls-Royce og designaren Espen Øino.

Kommunikasjonsdirektør Anette Bonnevie Wollebæk i Rolls-Royce Marine seier dei ikkje kjenner seg igjen i det Dagens Næringsliv skriv om vekta på skipa.

- Vi kjenner heller ikkje til noka planlagt ombygging. Vekt og stabilitet er sjølvsagt eit tema i både design og byggjefasen av eit skip, men vi er godt innanfor krava i både regelverket og klassenotasjonen for Hurtigrutens nye skip. Båten er ikkje for tung.

Ekstra kostnader

Det som verkar klart er at forseinkingar gir eit stort inntektsbortfall for Hurtigruten, og store ekstrakostnader for Kleven som vart redda frå konkurs i fjor då både Hurtigruten, investor Petter Stordalen og fleire andre eigarar gjekk inn med 300 millionar kroner i frisk eigenkapital.

Ifølgje DN blir MS Fridtjof Nansen også forseinka og tidlegast klar i 2020, som følgje av arbeidet med søsterskipet MS Roald Amundsen.

- Det er ei følgjeforseinking etter at det første skipet vart forseinka, seier kommunikasjonssjef Rune Thomas Ege i Hurtigruten.

Mellom 500 og 1.000 turistar hadde bestilt cruiseturar med skipet, mens rundt 3.000 hadde bestilt tur med MS Roald Amundsen.

- Så snart vi fekk vite frå verftet at det neste skipet vart forseinka, kontakta vi alle passasjerane som er ramma, seier han.

(©NPK)

Illustrasjonsbilde av dei nye Hurtigruteskipa. Skipa skulle etter planen leverast i år og neste år, men no er begge forseinka. Foto: Hurtigruten / NTB scanpix

Annonse