Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Den finske trenaren Mika Kojonkoski går laus på ei vrien oppgåve når han skal ha trenaransvaret for Kinas skihopparar fram til OL på heimebane i Beijing i 2022.
stian.grythaugen@ntb.no/gunnhild.skjold@ntb.no/kirsten@npk.no
Publisert: 18.09.2018 kl 13:25
Mika Kojonkoski, som revolusjonerte norsk hoppsport frå 2002 til 2011, har signert ein fireårig avtale med det kinesiske skiforbundet.
No skal han trene eit kinesisk lag med base i sin eigen heimby Kuopio.
Vinter-OL i 2022 går i Beijing. Det kinesiske hopprosjektet startar i oktober.
- No har vi det travelt med å byggje opp eit serviceteam for 30 hopparar og seks trenarar, seier Mika Kojonkoski til insidethegame.biz.
Han gjekk av som toppidrettssjef i Finland etter Pyeongchang-OL i vinter. Kojonskoski skal samtidig fortsette i jobben som leiar av hoppkomiteen i Det internasjonale skiforbundet (FIS).
(©NPK)
Finske Mika Kojonkoski skal trene eit kinesisk lag fram til OL i 2022. Foto: Markku Ulander, Lehtikuva / NTB scanpix.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.