Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Ingen av dei fem utøvarane på kombinertlandslaget har skrive under på den nye kontrakten med landslaget.
sjur.natvig@ntb.no/kirsten@npk.no
Publisert: 21.06.2018 kl 12:32
Det bekreftar utøvarrepresentanten på kombinertlandslaget, Jørgen Graabak, i ein SMS til NRK.
Kommande sesongs landslag består av Espen Andersen, Magnus Krog, Jarl Magnus Riiber, Jan Schmid og Graabak sjølv. Ingen av dei har så langt valt å underskrive kontrakten med landslaget.
- Vi er ikkje heilt i mål med avtalen enno, men vi er i ein konstruktiv prosess og håpar å få den i land om kort tid, skriv Graabak til NRK.
Situasjonen inneber at kombinertlandslaget per dags dato består berre av tre hospitantutøvarar. Kombinertlandslaget skal eigentleg samlast på Lillehammer neste veke, men samlinga står i fare som følgje av forhandlingane.
(©NPK)
Kombinertlandslaget tok sølv på OL-stafetten i Pyeongchang i februar. Jan Schmid (f.v.), Espen Andersen, Jarl Magnus Riiber og Jørgen Graabak er tatt ut til årets landslag saman med Magnus Krog. Foto: Pontus Lundahl, TT / NTB scanpix
Artikkelen fortsetter etter annonsen.