Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Kongeparet gjekk fredag i land frå kongeskipet Norge for siste gong denne sesongen.
innenriks.vaktsjef@ntb.no/kirsten@npk.no
Publisert: 21.09.2018 kl 15:55
Mens ekstremvêret Knud var på veg inn Oslofjorden, fortøydde kong Harald kongeskipet i Frognerkilen i Oslo fredag ettermiddag.
«Denne uken debarkerer Hans Majestet Kong Harald Kongeskipet», var meldinga på vekprogrammet til monarken. Omsett til moderne norsk betyr det at han går i land for sesongen.
I selskap med dronning Sonja inspiserte kongen skipet og snakka med mannskapet før skipet no skal klargjerast til neste sesong. Etter inspeksjonen vart kongeparet ført i land i sjaluppen.
- Dette markerer slutten på sesongen for skipet, som seinast var å sjå offisielt på fylkesturen til kronprinsparet i Vestfold, skriv Kongehuset på sine heimesider.
I juni brukte kongeparet skipet som base under sin rundtur i Nordland.
Kongen eig kongeskipet Norge, men det blir forvalta av Forsvaret. Besetninga er meir enn halvert i vinterhalvåret, men om sommaren er den på 54 personar.
Kongeskipet var opphavleg ei folkegåve til kong Haakon i høve 75-årsdagen. I 1947 vart den ti år gamle britiske yachten Philante kjøpt og bygd om til bruk som kongeskip. 9. juni 1948 vart folkegåva overrekt til kong Haakon. Skipet fekk namnet Norge.
(©NPK)
Kong Harald og Dronning Sonja debarkerer kongeskipet Norge. Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix
OSLO 20180921. Kong Harald og Dronning Sonja debarkerer kongeskipet Norge. Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix