Kongos tidlegare visepresident frikjent av ICC

Den internasjonale straffedomstolen (ICC) har omgjort ein dom på 18 års fengsel til full frifinning for Kongos tidlegare visepresident Jean-Pierre Bemba.

Den internasjonale straffedomstolen (ICC) har omgjort ein dom på 18 års fengsel til full frifinning for Kongos tidlegare visepresident Jean-Pierre Bemba.

Bemba (55) vart i juni 2016 funnen skyldig i krigslovbrot gjort i Den sentralafrikanske republikk i 2002- 2003. Han var skulda for ikkje å ha hindra opprørsgruppa han stod i spissen for, i å gjennomføre drap og valdtekter.

Men fredag kom ICC-dommarane fram til ein heilt annan konklusjon.

- Bemba kan ikkje haldast strafferettsleg ansvarleg for lovbrota som vart gjort av styrkane hans i Den sentralafrikanske republikk, sa dommaren Christine Van den Wyngaert.

Ho sa også at dommarane i 2016 ikkje tok omsyn til at Bemba prøvde å stogge lovbrota då han vart klar over dei, ifølgje nyheitsbyrået Reuters.

Krigslovbrota vart gjort av opprørsgruppa MLC då dei rykte inn i Den sentralafrikanske republikk for å støtte dåverande president Ange-Felix Patasse i 2002.

Bemba var visepresident i Kongo frå 2003 til 2006, og han vart arrestert i Belgia i 2008.

Då han vart dømt i 2016 var det første gong at ICC fokuserte på valdtekt brukt som våpen, skriv BBC. Det var også første gong at ein person vart dømt for lovbrot gjort av andre personar som var under hans leiing.

(©NPK)

Annonse