Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Kongsvinger må klare seg utan Mark Dempsey på ubestemt tid i jakta på ein kvalifiseringsplass til Eliteserien. Hovudtrenaren er sjukmeldt, opplyser klubben.
ole.henrik.tveten@ntb.no/kari@npk.no
Publisert: 05.10.2018 kl 18:29
KIL opplyser i ei pressemelding fredag at Dempsey er sjukmeldt på ubestemt tid.
Trenaren var ifølgje Glåmdølen heilt eller delvis sengeliggjande frå tapet på Aalesund 16. september og fram til førre torsdag.
- Det har vore nokre veldig tøffe dagar. Etter veldig mange undersøkingar, viste det seg at eg har eit eller anna virus. Og det viruset har gjort at eg har slite veldig med den generelle forma, og eg har i periodar vore veldig svimmel, sa Dempsey til avisa førre veke.
Ifølgje Eurosport er det sportssjef Espen Nystuen og utviklingsansvarleg Trond Amundsen som vil leie KIL i kampen i helga mot Åsane. Dei to leidde også laget mot Tromsdalen for to veker sidan.
Kongsvinger ligg på 8.-plass i 1. divisjon, tre poeng bak 6.-plassen som gir kvalifiseringsplass til Eliteserien. Det står att fem kampar av sesongen.
(©NPK)
KIL-trener Mark Dempsey er sjukmeldt. Foto: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix