Annonse

Kraftig auke i legebesøk blant unge etter ny fråværsgrense

Talet på legebesøk har stige med heile 15 prosent blant dei mellom 16 og 19 år. Dei går til legen for å dokumentere sjukdom som fråværsgrunn, meiner SSB.

Alt i alt er utviklinga relativt føreseieleg og stabil når det gjeld kontakten nordmenn har med fastlegen sin. Vi går til legekontoret mellom 2,6 og 2,7 gonger i året, og kvart år aukar det totale talet på legebesøk med rundt 2 prosent - bortsett frå for dei som er mellom 16 og 19 år gamle. Dei har hatt ein auke på 15 prosent årleg sidan den nye og strengare fråværsgrensa vart innført i vidaregåande skule hausten 2016, viser dei siste tala frå Allmennlegetenesten.

Mange av konsultasjonane gjaldt ganske lette helseplager. Det tilseier ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB) at den markante auken i fjor, som samsvarar med utviklinga året før, var ein følgje av behova til skuleelevar for å dokumentere sjukdom som grunn for fråvær frå undervisning i vidaregåande opplæring.

Heilårstala kamuflerer dessutan ein auke som er nesten dobbelt så stor. Dei nye fråværsreglane starta med skuleåret i august 2016, og gjorde seg gjeldande på fastlegestatistikken først i andre halvår same år. Samanlikna med høvesvis andre halvår i 2015 og første halvår 2016 var nivået mellom 20 og 30 prosent høgare i andre halvår av 2016 og i første halvår i fjor.

I andre halvår av 2017 var fastlegetala til 16-19-åringen berre litt høgare enn eitt år tidlegare. Det ser dermed ut til at det auka nivået har halde seg nokså stabilt etter endringane av fråværsreglane.

(©NPK)

Dei fleste av oss går litt oftare til fastlegen, men blant unge mellom 16 og 19 år har omfanget skote i vêret. Foto: Gorm Kallestad / NTB Scanpix

Annonse