Klargjør siden...

Kraftig nedgang for kjøkkenutstyrsbutikkar

Overetablering og tilbodsrush fører til nedtur innan faghandel. På kort tid er rundt 70 kjøkkenutstyrsbutikkar i Noreg blitt borte, ifølgje Dagens Næringsliv.

Tilbords, Rafens og Enklere liv er slått konkurs. Åhlens har trekt seg tilbake til Sverige, og Christiania Glasmagasin har avvikla 10 av 50 butikkar berre i år.

Talet på butikkar i bransjen har stige med 10 prosent på åtte år, mens marginane har gått kraftig ned. Bransjen har mista rundt 400 millionar kroner i omsetning på to år.

- Det er blodraudt og dramatisk for fleire av aktørane. Kjøkkenutstyr var ein vinnarbransje til 2016, seier handelsekspert Reidar Mueller i konsulentselskapet Varde Hartmark til Dagens Næringsliv.

Ein ny handelsrapport frå Virke underbyggjer at overetablering har vore eit problem i denne bransjen.

- Det førte til priskrig og eit marginpress som gjorde at fleire måtte forsvinne ut, seier senior bransjeanalytikar Knut Erik Rekdal i Virke.

Medlemmene i Virke fryktar ei gryande krise innan detaljhandel. I fjor var veksten i dei fysiske butikkane på berre 1,7 prosent, mens nettbutikkane er vente å vekse 10 prosent.

(©NPK)

Oslo City. Illustrasjonsfoto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Annonse
Annonse