KrFs vegval splittar partiet - opprop i begge retningar

KrF-ordførarar og lokale partitoppar er splitta i synet på om partiet bør sjå til Erna Solberg (H) eller Jonas Gahr Støre (Ap).

KrF-ordførarar og lokale partitoppar er splitta i synet på om partiet bør sjå til Erna Solberg (H) eller Jonas Gahr Støre (Ap).

To motstridande opprop såg dagens lys etter at KrF-leiar Knut Arild Hareide lanserte boka «Det som betyr noe» tysdag. Mange tolkar boka som eit innlegg for å ta KrF mot venstre, noko Hareide sjølv nekta for under boklanseringa.

Fryktar reaksjonar

Først kom sju ordførarar og varaordførarar på banen med ein e-post til partileiinga der det ifølgje TV 2 heiter at «vår klare anbefaling er at KrF på Stortinget bekrefter samarbeidet med høyresiden i norsk politikk».

Ordførarane i Finnøy, Hå, Kvitsøy og Sogndal, og varaordførarane i Time, Klepp og Sola skriv ifølgje Stavanger Aftenblad blant anna at eit slikt retningsval utvilsamt vil skape reaksjonar, men at desse vil vere små samanlikna med reaksjonane på eit linjeskifte mot venstre.

Dei ber også om fortgang i prosessen for å unngå ytterlegare problem med nominasjonsarbeidet i forkant av lokalvalet neste haust.

Truverdigheit

Dernest følgde 23 sentrale KrF-arar i Rogaland opp med ei kraftig åtvaring mot å følgje Venstre inn i regjering med Høyre og Frp, fordi det vil «sette partiets politiske ideologiske troverdighet i fare» og flytte det politiske tyngdepunktet «lenger mot høyre fløy enn noen annen regjering i norsk historie», skriv Aftenbladet.

Bak dette oppropet står blant andre leiaren og nestleiaren i Nye Stavanger KrF, lokallagsleiarar og gruppeleiarar, tidlegare ordførarar og varaordførarar, fylkesstyremedlemmar, ein tidlegare statssekretær og ein kandidat som ny Stavanger-biskop, ifølgje avisa.

Ikkje freda

Leiaren i Nye Stavanger KrF, Inge Takle Mæstad, viser til at KrF i valkampen sa at det ikkje var aktuelt å sitje i regjering med Frp. Han meiner det vil vere useriøst ikkje å undersøkje moglegheitene for eit samarbeid med Arbeidarpartiet og Senterpartiet.

Det blir understreka at ein ikkje er på regjeringsjakt, samtidig som ein heller ikkje har sagt at regjeringa er freda for heile stortingsperioden.

Veljarane med?

KrFs varaordførar Jørgen Kristiansen i Kristiansand seier til TV 2 at KrF bør gå inn i regjeringa. Lokalt samarbeider han og lagar budsjettår med Ap og SV.

- Men eg har vondt for å tru at Hareide har veljarane bak seg om han går i den retninga i eit eventuelt regjeringssamarbeid, seier Jørgensen.

Fortsette uansett

Fredag skal landsstyret i KrF starte innspurten på prosessen for å lande partiets retningsval.

- Eg vil ikkje kortslutte nokon prosessar i partiet no. Det er ikkje eg som skal ta eit val, det er partiet som skal ta eit val, sa Hareide under boklanseringa tysdag.

Hareide seier til NTB at han vil komme med råd i prosessen, og at han er innstilt på å fortsette som partileiar uansett kva som blir utfallet.

- Alle som går inn i debatten, må vere budde på at det kan bli eit val vi ikkje sjølv har peikt på. Men vi står alle på for KrF. Nokon kjem til å bli skuffa, seier han.

(©NPK)

KrF-leiar Knut Arild Hareide får sprikande innspel og råd om vegvalet til partiet. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix

Annonse