KrFU refsar moderpartiet for hovudplagg-forbod

Kristelig Folkepartis Ungdom (KrFU) meiner moderpartiet feiga ut i kampen for religionsfridom då dei stemte for forbod mot ansiktsdekkjande hovudplagg.

Kristelig Folkepartis Ungdom (KrFU) meiner moderpartiet feiga ut i kampen for religionsfridom då dei stemte for forbod mot ansiktsdekkjande hovudplagg.

Det var ?KrF saman med dei tre regjeringspartia og Senterpartiet som vedtok forbodet mot ansiktsdekkjande hovudplagg i utdanningsinstitusjonar mens undervisning går føre seg.

- Eg meiner KrF, som ein av dei største forkjemparane for religionsfridom, burde vere meir forsiktige med å stemme for den typen forbod, seier KrFU-leiar Martine Tønnessen til Vårt Land.

Ho fryktar at minoritetskvinner no skal bli utestengde frå undervisninga.

- Det verkar som at det politiske Noreg, KrF inkludert, trur at dei som går med ansiktsdekkjande hovudplagg, går med det som andre går med caps eller lue. Men for dei som går med dette, er det ein del av identitet og religion, og det er ikkje noko ein berre tar av og på som lova no legg opp til at ein skal, seier Tønnessen.

Hans-Fredrik Grøvan, stortingsrepresentant for KrF i Vest-Agder og medlem av utdannings- og forskingskomiteen, meiner forbodet ikkje er eit brot på religionsfridomen.

- Vi har stor respekt for praktisering av religionsfridomen og plass til religion og tru i det ?offentlege rommet. Det kan stillast eit spørsmål om ansiktsplagg er del av religionen, eller ein kultur eller ein skikk, seier Grøvan til avisa.

(©NPK)

Forbodet mot ansiktsdekkjande hovudplagg vil gjelde gjennom heile utdanningsløpet frå barnehagar til universitet og høgskular, og for både elevar, studentar og tilsette ved utdanningsstader i privat og offentleg sektor. Forbodet vil også gjelde skulefritidsordning, leksehjelp og opplæring utanfor området til lærestaden, som for eksempel skuleturar. Illustrasjonsfoto: Lise Åserud / NTB scanpix

Annonse