Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Hå kommune har etablert kriseteamet for å vareta familie og venner av jenta politiet trur blei drepen i Varhaug.
innenriks.vaktsjef@ntb.no/kjell@npk.no
Publisert: 30.07.2018 kl 15:58
Varaordførar Mons Skrettingland i Hå kommune seier til NTB at folk reagerer med vantru på opplysningane om at eit drap kan ha funne stad. Tettstaden Varhaug i Hå kommune husar om lag 3.000 innbyggjarar og er ein stad der alle kjenner alle, i følgje varaordføraren.
- Dette er ein tragedie for familien, for unge venner av jenta og for heile lokalsamfunnet, så kommunane yter all den hjelpa vi rår over, seier Skrettingland.
- Det er ferietid og mange er bortreist, men skulen er varsla. Hovudfokuset vil no først bli retta mot den nærmaste familien, seier han vidare.
Måndag kveld blir det halde open kyrkje på Varhaug klokka 19 for dei som vil vere saman. Det er kyrkja, kommunen og politiet som i samarbeid med dei pårørande går saman om denne samlinga. Pressa blir oppfordra til å vere varsame med å fotografere av omsyn til dei som måtte ønske å komme, men kommunen opplyser at blant andre varaordføraren og rådmann Anne Berge Ims vil vere til stades.
- Dette er ufatteleg tragisk. Alt heng i lause lufta og folk trur ikkje dette er sant, seier varaordføraren.
(©NPK)
Ei 13 år gammal jente blei funnen død på Varhaug i Rogaland klokka 03:10 natt til måndag. Politiet har starta drapsetterforsking, men ingen er arresterte eller mistenkte. Foto: Carina Johansen / NTB scanpix
Artikkelen fortsetter etter annonsen.