Klargjør siden...

Kulturministeren vil ikkje meina noko om Eurovision i Jerusalem

Det er opp til kringkastingsunionen EBU og Israel å avgjera om neste Eurovision-finale skal arrangerast i Jerusalem, meiner kulturminister Trine Skei Grande.

Israel vann Eurovision Song Contest i år, og debatten går allereie om landet bør få halda finalen i den omstridde byen.

- Aust-Jerusalem er ulovleg annektert av Israel, og FN har slege fast at statusen til byen er gjenstand for forhandlingar. Det blir difor frykta at ein ESC-finale der vil bidra til å legitimera synet til den israelske staten på heile Jerusalem som Israelsk område, skreiv stortingsrepresentant Freddy André Øvstegård (SV) til Grande.

Han ville vita om ho vil be Israel arrangera showet ein annan stad, men får ikkje gehør.

- Det er den europeiske kringkastingsunionen EBU som eig arrangementet Eurovision Song Contest. Det er opp til EBU saman med Israel å koma fram til ein passande stad å arrangera finalen, skriv Grande i svaret sitt.

Ho viser til at Israel har vunne ESC tre gonger tidlegare, og at finalen blei halden i Jerusalem både i 1979 og 1999.

(©NPK)

- Neste gong Jerusalem! ropte Netta Barzilai då ho vann Eurovision Song Contest i helga. Men mange er kritiske til at Israel skal arrangera finaleshowet i byen som er sentral i konflikten mellom Israel og palestinarane. Foto: AP / Armando Franca / NTB scanpix