Klargjør siden...

Kulturprofil dømt til to års fengsel for éin valdtekt i Sverige

Den svensk-franske teaterregissøren Jean-Claude Arnault (72) er dømt til to års fengsel for éin valdtekt og er frikjent for ein annan.

Den svensk-franske teaterregissøren Jean-Claude Arnault (72) er dømt til to års fengsel for éin valdtekt og er frikjent for ein annan.

Arnault har stått tiltalt for to valdtekter mot ei og same kvinne i 2011. Arnault avviser alle skuldingar.

Dommen vart kunngjort av tingretten i Stockholm måndag klokka 11. Påtalemakta hadde lagt ned påstand om tre års fengsel.

Skuldingane mot Arnault dukka opp i november 2017. I kjølvatnet av metoo-kampanjen stod 18 kvinner fram i Dagens Nyheter der dei beskreiv overgrep og seksuell trakassering som dei skulda han for.

Arnault har drive eit kultursenter som har fått pengestøtte av Svenska Akademien, institusjonen som deler ut Nobels litteraturpris.

Han er også gift med lyrikaren Katarina Frostenson, som fram til april var medlem av akademiet. Til liks med fleire andre medlemmer forlét ho institusjonen som følgje av den opprivande konflikten.

(©NPK)

Annonse