Kvar fjerde nordmann brukar ikkje mobildata

1,5 millionar norske mobilkundar brukar ikkje mobildata i det heile tatt. 

Mens over 1,2 millionar nordmenn brukar ti gigabyte (GB) eller meir i månaden, er det 1,5 millionar norske mobilkundar som ikkje brukar mobildata i det heile tatt. Det svarar til 26 prosent av mobilkundane og kjem fram i ein rapport Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) nyleg la fram.

- Den største gruppa ikkje-surfarar er eldre brukarar. Fleire av desse har ikkje fått auga opp for dei gode moglegheitene som mobilt internett gir, og vi har derfor gjennomført opplæring retta mot seniorar, slik at dei skal komme i gang med mobilsurfinga, seier Bjørn Ivar Moen, leiar for Telenors mobildivisjon, til Dagens Næringsliv.

Mens andre nordiske mobilkundar kan surfe så mykje dei vil for ein gitt pris, har dei norske mobilselskapa inntil no tilbode datakvotar. No lanserer mobilselskapet Chilimobil eit abonnement med ei maksgrense på 1.000 GB i månaden og eit forbruk på 12 GB i EU, samtidig som dei set ned prisen på mindre datakvotar.

- Då nyheita vart kjent på torsdag, fekk vi godt over 100 bestillingar i timen. 70 prosent av dei som bestiller vel fri data, og har ein gjennomsnittsalder på mellom 38 og 40 år. Dei som brukar mykje data unngår prissjokk, seier Lars Ryen Mill, sjef i Chilimobil.

(©NPK)

Ein ny rapport frå Nkom viser at kvar fjerde nordmann ikkje brukar mobildata. Men snitt-kundane hadde i fjor eit dataforbruk på mellom éin og fem gigabyte i månaden. Illustrasjonsfoto: Wilma Nora D. Nygaard / NTB scanpix

Annonse