Annonse

Kvar tredje journalist ville stemt SV eller Raudt

Éin av tre journalistar ville stemt SV eller Raudt viss det var stortingsval i morgon, medan under 3 prosent ville gitt stemma si til Frp, viser ei undersøking.

Undersøkinga er tatt opp i perioden 6. mars til 12. april. 542 journalistar svarte på spørsmålet om kva for eit parti dei ville stemt på i eit stortingsval, og resultatet vart presentert under avsluttinga av Nordiske mediedager i Bergen fredag.

SV får 21,0 prosent av journaliststemmene og er det partiet flest ville stemt på dersom det var stortingsval i morgon. Arbeidarpartiet kjem som ein god nummer to med 20,8 prosent, medan Høgre ville fått stemmer frå 16,6 prosent av journalistane.

Raudt er i vinden og ligg og vakar rundt sperregrensa på meiningsmålingane. Blant journalistane får partiet ei oppslutning på heile 11,8 prosent. Venstre får 8,5 prosent av stemmene, medan Miljøpartiet Dei Grøne får 7,9 og Senterpartiet 7,2 prosent.

Svært få journalistar ville altså gitt stemma si til Siv Jensens Frp - berre 2,8 prosent. Knut Arild Hareides KrF scorar ikkje mykje betre - 3,0 prosent. Sekkeposten andre parti og grupper endar opp med 0,4 prosent.

(©NPK)

Finansminister og Frp-leiar Siv Jensen omgitt av pressefolk i vandrehallen på Stortinget i mars. Ei undersøking viser at svært få journalistar ville røysta på Frp dersom det var stortingsval i morgon. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Annonse