Tips oss:
Tips
482 94 689
Kontakt
Ei kvinne i 50-åra omkom av skadane ho pådrog seg då ho datt utfor i ulendt terreng under ein fjelltur ved Straumshornet i Møre og Romsdal tysdag.
lone.martinsen@ntb.no/kirsten@npk.no
Publisert: 30.05.2018 kl 07:15
Kvinna skal ha mista balansen og fall rundt 50 meter ned ei ur. Ho vart berga av luftambulanse og frakta til sjukehus. Like før midnatt bekrefta politiet at ho døydde på sjukehuset.
Det var turfølgjet hennar som varsla politiet klokka 18.51. Dei tok seg ned frå fjellet på eiga hand og vart følgt opp av krisehjelp då dei kom ned.
Pårørande er varsla.
(©NPK)
Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix.