Kvinne omkom i møteulykke i Hemsedal

Ein kvinneleg sjåfør omkom i ein frontkollisjon rett sør for Hemsedal.

Kvinna vart behandla av ambulansepersonell på staden, men livet stod ikkje til å redde.

- Føraren av vogntoget er fysisk uskadd. Det er snakk om ei møteulykke, men hendingsgangen er førebels ikkje kjent, opplyser operasjonsleiar Jørn Vegard Kaasa i Søraust politidistrikt til VG.

Personbilen ho køyrde frontkolliderte med ein semitrailer ved Ulsåk. Politiet melde om ulykka klokka 19.03 torsdag kveld.

(©NPK)

Annonse