Annonse

Kvinnelandslaget i fotball slo Irland 2-0 og beheld VM-skjebnen sin i eigne hender

Lisa-Marie Utland scora begge måla då Noregs kvinnelandslag i fotball vann den viktige bortekampen mot Irland i VM-kvalifiseringa med 2-0.

Sigeren gjer at Noreg avanserte forbi irane til 2.-plass i gruppa og beheld sin skjebne heilt i eigne hender. Så lenge laget ikkje gir frå seg poeng mot Irland i Stavanger tysdag eller borte mot svake Slovakia i august, blir Noreg VM-klar med heimesiger mot Nederland i siste kamp.

Irland tok poeng borte mot europameister Nederland i november og kan vere ein skummel motstandar. Hadde Noreg tapt fredag, ville laget i praksis vore ute av kampen om gruppesiger, men laget gjorde jobben i Dublin.

Noreg dominerte stort mot eit irsk lag som er flinkast til å tette igjen bakover. Caroline Graham Hansen skapte ubalanse med individuelle ferdigheiter, men Noreg måtte støtte seg til dødballkompetanse og duellstyrke for å få sine mål.

I det 21. minutt tok Guro Reiten hjørnespark frå høgre og skrudde ballen inn i midten. Der gjekk Utland opp i ei klynge med både mot- og medspelarar. Rosengård-proffen fekk hovudet på ballen og stonga han i mål.

Reiten var nær å doble leiinga rett før det var spelt ein halvtime, men skotet hennar frå 14 meter smalt i tverrliggjaren og ut.

Skremmeskot

Noreg stod for alt som var av sjansar i første omgang, men fekk nesten ein forferdeleg start på dei siste tre kvartera. Rett etter ei farleg avslutning frå Frida Maanum kontra heimelaget, og hurtigtoget Leanne Kiernan sprang frå alt som var av norske sikringsspelarar.

Aleine med keeper Ingrid Hjelmseth avslutta ho litt for tidleg, og den norske keeperveteranen redda ganske komfortabelt.

Fleire skremmeskot kom ikkje frå Irland. Etter ein dryg time kom dødballmålet som punkterte kampen. Caroline Graham Hansen tok frispark midt på Irlands halvdel, Ingrid Syrstad Engen forlengde framspelet med hovudet, og etter ein duell inne i målgarden kunne Utland plassere ballen i nesten ope mål.

Fleire mål vart det ikkje, sjølv om Reiten hadde eit stolpetreff i sluttminutta.

Caro ut med skade

Urovekkjande var det då Caroline Graham Hansen gjekk av bana medan ho såg ut til å ta seg til baksida av låret. Den norske Wolfsburg-stjerna, som nyleg vart operert for eit fingerbrot ho pådrog seg i siste serierunde i Bundesliga, vil bli sakna om ho ikkje kan spele kampen i Stavanger tysdag.

Irane viste mot Nederland at dei kan vere endå vanskelegare å bryte ned på bortebane. Også Nederland vann 2-0 i Dublin.

Vinn Noreg tysdag, er det så godt som sikkert at tre poeng mot Nederland i Oslo 4. september vil sende Martin Sjögrens lag til sluttspel. Noreg har deltatt i alle dei sju tidlegare VM-sluttspela for kvinner.

Blir det ikkje gruppesiger, ligg det no an til at Noreg iallfall blir blant dei fire beste toarane som får vere med i omspel om Europas siste VM-plass.

(©NPK)

Lisa-Marie Utland scora begge mål då Noregs kvinnelandslag tok ein viktig bortesiger mot Irland i VM-kvalifiseringa. Her er ho i aksjon i ein tidlegare kamp. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Annonse