Klargjør siden...

Kvinnelege politikarar i Austerrike marsjerte ut i protest

Dei aller fleste kvinnene i Austerrikes nasjonalforsamling marsjerte måndag ut i protest mot ein mannleg kollega som vert skulda for seksuell trakassering.

Berre nokre få kvinner vart igjen i salen då Peter Pilz (64) vart tatt i eid som parlamentarikar, ifølgje nyheitsbyrået APA.

Pilz vert mellom anna skulda for, i rusa tilstand, å ha tafsa på ei kvinne på ein konferanse i 2013. Sjølv har han sagt at han ikkje kan hugse å ha gjort noko slikt.

Først vedtok Pilz at han ville avstå plassen i nasjonalforsamlinga han fekk i valet i fjor haust. Men seinare ombestemte han seg.

Pilz høyrde tidlegare til Dei grøne, men braut ut for å danne den mindre grupperinga Liste Pilz. Av dei 183 medlemmene av Austerrikes nasjonalforsamling er 65 kvinner.

(©NPK)