Lakseskatt kan bli innført frå 2020

Eit utval skal legge fram forslag om nye skatteordningar for lakseoppdrett. Dei raudgrøne og KrF vil sikre kystkommunane inntekter, men er ueinige om vegen dit.

Fleirtalet i næringskomiteen på Stortinget gjekk fredag inn for å be regjeringa sette ned eit partssamansett utval til å sjå på ulike former for skattlegging av havbruksnæringa.

SV har foreslått ei produksjonsavgift eller grunnrenteskattlegging, der bedriftene betalar for bruken av fellesskapsressursar, det vil seie havet, til vertskommunane. Men partiet lykkast ikkje å få med seg Arbeidarpartiet og KrF på eit vedtak no. Dei to partia valde i staden å slutte seg til regjeringspartia og bestille ein større NOU om ulike måtar å skattleggje næringa på. Målet med prosessen er å få ei eventuell ny skatteordning frå midten av 2020.

- Eg er glad for at vi har fått til ei semje på tvers av partia om denne utgreiinga, som skal legge grunnlag for vekst og stabile rammevilkår for næringa. Då er det viktig at vi har eit breitt forlik, som er uavhengig av skiftande fleirtal i nasjonalforsamlinga, sa Høgres Tom-Christer Nilsen då semja vart presentert i vandrehallen på Stortinget fredag.

- Står igjen med ingenting

SV meiner at nedsettinga av eit utval er eit knefall for oppdrettsnæringa som vil trenere prosessen med skattlegging, på kostnad av kommunane der verksemdene held til.

- Vi hadde her ei historisk moglegheit til å sikre den rettferdige retten kommunane har til ein del av verdiskapinga av oppdrettsverksemda som skjer i kommunane, men med ei ny utgreiing med eit så vidt mandat er sjansen stor for at kommunane står igjen med ingenting, seier næringspolitisk talsperson Torgeir Knag Fylkesnes i SV.

Fylkesnes meiner Arbeidarpartiet og KrF sviktar ei semje frå i fjor der det var fleirtal for at det skulle innførast ei avgift.

- Mens oppdrettsnæringa tenar milliardar, slit mange kystkommunar med økonomien. Vår frykt er at oppdrettsnæringa framleis får superprofitt på norske ressursar utan at fellesskapet får meir, seier Fylkesnes.

Senterpartiet støtta SVs forslag.

Stabile inntekter

Arbeidarpartiets Ruth Grung seier det er viktig med føreseielege vilkår ikkje berre for næringa, men også for kommunane som stiller areal til disposisjon.

- Vi er opptatt av å finne ein nøkkel for å overføre inntekter til kystkommunar som har oppdrettsanlegg, både når det er gode og mindre gode tider, seier ho til NTB.

Ho meiner ordninga i dag med eit havbruksfond, der inntekter for konsesjonssal i stor grad går til kommunane, ikkje fungerer godt nok. Ap er også opptatt av at skattesystemet bør fremme ei berekraftig næring, og viser til at lakseoppdrettarane har problem med lus og smitte, og at det sikrar arbeidsplassar i Noreg.

Næringa fornøgd

Sjømat Noreg set på si side pris på at utfallet i Stortinget vart ei utgreiing.

- Det er klokt å ha is i magen, seier administrerande direktør Geir Ove Ystmark til NTB.

Bransjeorganisasjonen synest det er betre med ei brei, partssamansett utgreiing, der næringa også blir høyrt, enn eit «benkeforslag i Stortinget», og viser til SVs forslag.

Ystmark trur utgreiinga vil gi meir føreseielege vilkår. Han understrekar at Sjømat Noreg vil ha eit skattesystem som sikrar verdiskaping langs kysten og som gjer at næringa kan investere i utvikling. Ystmark ber politikarane også ta omsyn til at næringa er konkurranseutsett.

(©NPK)

Dei raudgrøne partia og KrF er alle einige om at kommunane som stiller areal til disposisjon for laksenæringa, må sikrast stabile inntekter, men SV klarte ikkje å få fleirtaø for sitt forslag om ei produksjonsavgift. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Stortingsrepresentant Tom-Christer Nilsen (H) er glad for å ha fått til eit breitt forlik om at skatteordningar på havbruk skal utgreiast. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Torgeir Knag Fylkesnes og SV er ikkje med på semja om å greie ut spørsmålet om skatt for oppdrettsnæringa. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Annonse