Langtidskontrakt for Liverpools kaptein

Liverpool-kaptein Jordan Henderson (28) har skrive kontrakt til 2023-sesongen, fortel Liverpool Echo.

Liverpool-kaptein Jordan Henderson (28) har skrive kontrakt til 2023-sesongen, fortel Liverpool Echo.

Henderson er blitt ein av manager Jürgen Klopps mest fortrulege menn.

28-åringen har spelt 283 kampar og scora 24 mål sidan han blei henta frå Sunderland i 2011-sesongen. Han overtok som kaptein etter Steven Gerrard i 2015 og leidde klubben til finalen i meisterligaen sist sesong.

- Det følast som i går at eg signerte min første kontrakt. Mykje har skjedd sidan den gongen. Eg ønskjer å bli i klubben så lenge eg kan, seier Henderson.

(©NPK)

Jordan Henderson (til venstre) i aksjon for England under sommarens VM-sluttspel. Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix.

Annonse